Mari

Slaattelid

Å ikkje jage ei meining

Mona Louise Dysvik Mørk
jun. 2023|Review

Utstillinga til Mari Slaattelid i Rosendal set deg på sporet av eksistensielle val som kan tvinge seg fram. I møte med endringar, veit du kven du er og kor du kjem frå?

Kunstnaren Mari Slaattelid utforskar ein del grenseland som kunstnarar flest held seg så langt unna som mogleg, for å sikre seg at ingen er i tvil om at det handlar om kunst. Slaattelid går motsett veg og ser ut til å like den utfordringa det blir å leike med fargar, mønster og symbolbruk som me elles ser i dekormåleri, flagg og, som her i Rosendal, våpenskjold og bringedukar.

Slaattelid har utdanning frå kunstakademi i Oslo, Bergen og Düsseldorf og jobbar med måleri, foto og trykk, gjerne med referansar til kunsthistoria. Verka hennar er kjøpte inn av anerkjende kunstinstitusjonar som Nasjonalmuseet og Astrup Fearnley Museet. I 2019 var ho årets festspelkunstnar i Bergen.

Med duftande rosehage, ein skuggefull park med lauvtre, fjelltoppar som bakteppe og fjorden i front blir ein slått av det eventyrlege preget til Baroniet i Rosendal gong på gong.

Både Kvinnherad, Hardanger og Sunnhordland hadde frå mellomalderen fleire store gardar i adeleg eige, men det har gjennom tidene vore berre eitt baroni i Noreg. Den siste eigaren, Edvard Weis, tok fram til 1920-talet vare på den gamle tradisjonen med å invitere barna i bygda til juletrefest. Han er også kjend for å halde den flotte parken open for alle, utanom kvinner i bukse. Frå 1927 har Universitetet i Oslo vore eigar og drivar av baroniet gjennom Den Weis-Rosenkroneske Stiftelse.

Fortruleg

Utstillingstittelen Sub Rosa er frå latin og tyder «under rosa». Heilt frå antikken var rosa eit symbol for det å vere fortruleg, og ho blei gjerne måla i taket i bestemte rom brukte til konfidensielle samankomstar. Her skulle ingen seie noko vidare.

Ein stor del av verka har titlar som inneheld ordet blason, som er brukt om våpenskjold. Resten av titlane inneheld ordet bringklut, som viser til bringekluten, eit tøystykke brukt til bunader og liknande festklede, festa på brystet. Bringeklutane var meir individuelle enn resten av bunaden, som følgde strengare reglar når det gjaldt fargar og materiale. Bringeklutane kunne vere broderte eller laga av vakre silkestoff som ein fekk kjøpe av omvandrande handelsfolk. Her var det store variasjonar i både farger og mønster.

Utstillinga er fordelt på to rom, begge med inngang frå det indre gardsrommet. Den eine døra fører deg innanfor dei tjukke murveggane og gir deg to val vidare: kjøkenet eller borgstova, der utstillinga er.

Sjølv om eg er glad i kunst, tek eg først turen inn på kjøkenet. Tre solide og slitne langbord og ei enorm grue vitnar om det som ein gong må ha vore eit travelt rom for tenestefolket. Det er nesten som ein høyrer ekkoet frå hektisk skramling med kopargrytar, ser matosen og kjenner dufta av krydra sausar med urter frå baronihagen.

Strenge reglar

Turen går vidare inn i det som ein gong var tenestefolket si stove ved sida av. Her senkar roa seg, og kanskje var det også ei frisone for dei tilsette i si tid?

Det første måleriet som fengjer merksemda, er «Fyrste bringklut». Her kan dei raude flekkane først minne om valmuar, men så er det noko med måten raudfargen syg seg vidare bortetter fibrane i stoffet på, som på klede etter eit skot. Fargevala er både harmoniske og uvanlege, og overflata gir eit inntrykk av noko slite, gammalt, men framleis vakkert.

Medan bringeklutane gir rom for individuelle skilnader, følgjer våpenskjolda strenge reglar knytte til fargebruk og mønster som fortel om makt og tilhøyrsle. Utforminga og materiala til bringeklutane kunne også signalisere kva du hadde råd til.

Utan referanse

Den kjølige vinkjellaren ligg ei steintrapp ned, med alle veggane dekte av blasonar i ulike fargar. Dei fleste har ein flik som ser ut til å vere laus. Ein må nesten kjempe mot impulsen til å lime fliken på plass, eller rive han heilt av. Her manglar all informasjonen, også dekoren som vanlegvis pregar særleg dei gamle våpenskjolda.

Blasonane er einsfarga, utan figurar og bokstavar, men med ein del tydelege strukturar i overflata som kan minne om skinn og hud. Kanskje handlar dette om kven me er, når all informasjonen om oss er borte? Når ingen veit om du er rik eller fattig, utanfor eller innanfor, mann eller kvinne, ung eller gammal. Er det difor tittelen spelar på det å vere fortruleg? Kven stolar du nok på til å vise kven du er utan referanse til noko anna?

Dei lause flikane

Det ligg mykje rom for tolking i desse verka. Kanskje er det spenninga mellom det feminine og maskuline, tradisjonar og det nye, eller mellom individ og fellesskap? Dei lause flikane i våpenskjolda er gode eksempel på ein detalj som aktiverer betraktaren. Her er noko motstridande som nesten klør, for våpenskjold skal ikkje vere einsfarga, mjuke og i lause flak som her. Dei skal vere harde, beskyttande og tydelege i kommunikasjonen. Fargane gir heller ingen klar leietråd. Her vekslar fargane utan eit openbart system, og eg liker det.

Nedover alleen, på veg vidare, slepper ikkje desse lause flikane taket. Dette at ein ikkje heilt veit om ein skal rive dei vekk eller reparere dei.

Eg skal ikkje skryte på meg openberringar, men der og då, under lauvtrea, blir dette til ei forteljing om alle vala me står framfor dagen lang. Dei små, og dei store. Skal du seie opp jobben, skal du ha fiskekake? Når det gjeld dei største vala, veit me gjerne minst om utfalla. Me må ta sjansen eller la vere. Hente limstiften og ivareta, eller røske av og la det stå til.

Mot til å avgrense

Slaattelid har gjennom karrieren henta mykje inspirasjon frå minimalistane som ville frigjere kunsten frå jaget etter ei meining. I denne utstillinga kan du like gjerne nyte fargane, linjene og strukturane, utan at alt må bety noko meir. Med titlane legg heller ikkje Slaattelid opp til tolking, tvert om. Titlane er enkle og kjølig beskrivande, som «Blason, kvitt og beige med svart tunge».

Eg vil pirke litt på nettsida, som ikkje har utstillinga under fana «Kulturprogram», men som ei kommande hending ein gler seg til på framsida. Her er dato for opninga, men ikkje meir om kor lenge utstillinga står.

Enkelte vil kanskje hevde at utstillinga er vel mykje prega av dei same ideane, og at det heile blir monotont. For min del liker eg at ein kunstnar tør å jobbe på eit avgrensa område og går i djupna.

Slaattelid har erfaring og sjølvtillit nok til å hinte, repetere og jobbe med nyansane. Ho stolar på at betraktaren gjer resten. Utstillinga rommar motsetningar og spenningar utan å mase. Ho er både vakker, fredeleg, krevjande og levande, og heilt i Baroniets ånd.

Sub Rosa
Baroniet Rosendal 19. mai –27. august 2023