I utstillinga er to ulike bilete samanstilte: Søylefigurar frå golv til tak, og det skarpt definerte omritet av eit kvitt fossefall mot svart fjell. Dei fem store arbeida er utførte i silketrykk. 6 mindre fossefall er måla på papir.
Bileta eg kallar Søylefigur er karyatider, søyler i kvinneskapnad frå klassisk tid, rundt 430 f.Kr. Dei andre er unge jenter måla av Munch rundt 1905. Figurane er kopierte frå bøker, klipte ut, teipa saman til kollasjar og overførte til silketrykk. Dei tre jentene frå moderne tid har same frontale, frittståande positur som søylefiguren frå Akropolis. Oppstilte i hennar stad, får dei eit slags oppdrag: Også dei er med eitt klassiske. Med hatt og forkle er dei stødige bjelkeberarar. Dei tilhøyrer kunsthistoria, men er også natur og menneske, derfor er tyngda dei ber gjenkjenneleg. Å bera vekta av ein bjelke på hovudet, er å visa fram eit kritisk punkt der krefter møtest. Tyngda, med retning ned, og motstanden, med retning opp, møtest i same vertikal. Ein gong skal søyler falla, men enno står dei.
Ei fløymande elv tippar på eit punkt i landskapet over i fritt fall. Der frys ho til sitt eige omrit, ei kvit søyle i fjellet.