Mari

Slaattelid

Harde underlag

Mari Slaattelid
feb. 2020|Article

Nokon likar å stryke ut, leggje flater, plotte inn og markere med brei kost, feitt og flødig, tynne ut, byggje opp. Til denne typen maleri trengs eit underlag, papir, plast, metall, kva som helst.

Harde underlag har falle meg lettare å bruke enn lerret. Alt eg kunne finne av passe store plater kom i sirkulasjon på atelieret. Det eg ikkje fekk til kunne slipast ned eller skrapast vekk og for kvar gong vart platene meir interessante og i tillegg passe sugande. Plater bar gjenbruken langt betre enn lerret. Eg mislikte framfor alt den rigide vevstrukturen og korleis lerretet grodde under arbeidet. Lerret tålte ikkje den nullstillinga eg heile tida trong, slettinga av gammalt knudder som ikkje vedkom det nye eg skulle gjere. Til slutt, om det vart for stivt og tjukt, måtte det kasserast: avmakta kunne lesast lag for lag, kilovis med bortkasta dagar på atelieret.

Eg likte kapp frå Thaugland, finér og mdf, plater opp til ein meter som eg kunne herje med. Eg likte at materialet var ein vegg, at det stansa og ikkje svikta. Lerretet, som den trampolina det er, vart eg usikker og svimmel av og fyrst langt seinare har eg skjønt kvifor det i all sin konservatisme er det suverent mest veleigna underlaget for maleri. Preferansen for harde maleunderlag gjorde at arbeida mine var relativt små i format gjennom heile 90-talet. Om dei skulle opp i rundt to meter, vart dei for tunge å flytte rundt på. Ein kollega gjorde meg merksam på aluminium og eg gjorde ei kanskje opplagt, men avgjerande erfaring: Det nye materialet i seg sjølv ba om andre bilete, det avviste ein heil del gamle vanar og genererte idear eg elles ikkje ville fått. Det eg til då hadde malt på gjorde nytta, men treplater var avrunda og varme der aluminium og pleksiglas, som det er snakk om her, hadde distanse og flukt. Presisjonen i pleksi likna eit språk der alt kunne tydast. Grenser og plan var absolutte og oppe i dagen, maleflatene multiple og samtidige.

Det finst eit tysk uttrykk eg har sakna på norsk: Bildträger. Trass i at det er blytungt, skjørt og sprøtt, at det svaiar og sig i store format, samlar støv, får riper og sprekk og knekk når temperaturen i dette landet endrar seg, har pleksi alt det andre som set meg i gang. I si enklaste, plane og klare form, med fram- og bakside og fire skarpe kuttflater langs kanten som del av biletet, er det den ideelle biletberaren. Gjennomfarga, opalt og klart pleksiglas utvida på eit tidspunkt det maleriske språket mitt og avløyste dei "varme" platene og hampen og alt som på førehand per definisjon var maleri. På og bak dei ulike overflatene kunne farge og andre avgjerder framvisast heilt umystisk og strålande. Naom Gabo fetisjerte pleksi i 30-åra og Donald Judd i 60-åra. Enno har den eit skin av modernisme og sluttar ikkje å kjennast ny og prekær, sjølv som kunsthistorie.

Norsk kunstårbok, 2017