I ethvert forfatterskap av en viss størrelse finnes det bøker som aldri blir regnet som sentrale – først plassert i periferien av forfatterens produksjon av samtidens kritikere, siden vagt husket som en bagatell, selv av forfatterens mest takknemlige lesere, for så i overskuelig ettertid å bli så godt som glemt.
Arbeidet med å løfte frem viktige verk fra historiens – og nåtidens – mørke har vært en avgjørende del av litteraturfaget de siste femti årene (hvem ville Camilla Collett eller Toni Morrison vært uten den feministiske litteraturforskningen?). Man trenger ikke underkjenne denne innsatsen for også å se det litt komiske skjæret det kan få når man med lys og lykte leter etter oversette mesterverk, dette den amerikanske kritikeren Harold Bloom en smule arrogant har omtalt som en selvmotsigelse. Det som kjennetegner mesterverk, konstaterer han, er nettopp at de blir husket.
Mine egne ambisjoner med å kaste et blikk på Blåmann, en liten roman Jens Bjørneboe utga i 1959, er uansett mer beskjedne. Den for en stor del forbigåtte boken har først og fremst slått meg som en god inngang til å diskutere kunstnerrollen, ikke bare Bjørneboes egen forståelse av denne rollen, slik den kommer til uttrykk i romanen, men hvordan rollen over tid har endret seg. Hva vil det si å være kunstner i dag, i vår velferdsstat, vår offentlighet, vår markedsliberalistiske tid?
Dette ville jeg snakke med en billedkunstner om, dels fordi hovedpersonen i romanen, den «abnormt rødhårete» kunstnersjelen Sem Tangstad, er billedkunstner, og dels fordi Bjørneboe selv startet sin karriere som tegner og maler. En erfaring som kanskje, kanskje ikke påvirket hvordan han forholdt seg til forfatterrollen.
Jeg spurte Mari Slaattelid fordi hun er en fremragende maler. Hun er klassisk skolert, i betydningen forankret i tradisjonen, samtidig som hun overskrider den. I egne arbeider har hun en sjelden evne til å fornye seg, og i norsk og nordisk sammenheng har hun spilt en viktig rolle i fornyelsen av maleriet. Dette viser seg ikke minst i hennes siste og eksepsjonelt fine utstilling Stempel, som var å se på Kunstnernes Hus våren og sommeren 2020.
Et rødhåret utskudd
Det er forsommer, søndag morgen i juni, regntungt, men fortsatt varmt i luften, stille i gatene, helgestille, og stille slik det av og til blir i Oslo – eller Bagdad som Sem Tangstad kaller hovedstaden i sitt første gledelige møte med den – når sommeren nærmer seg. Vi møtes hjemme hos Slaattelid, noen kvartaler unna Vestkanttorget, der Eckersbergs gate munner ut og Bjørneboe selv holdt til i en periode på 1970-tallet.
Utgangspunktet for samtalen er altså Blåmann, denne lille romanen Brikt Jensen, i sin anmeldelse i Frisprog, fastslår at var «glimrende skrevet» (15. desember 1959), og Paal Brekke på sin side ristet på hodet over, blant annet fordi «den spiller på alle de vulgærromantiske forestillinger om kunstneren». Som Brekke syrligironisk legger til: «det er hele tre genier han forteller om» (VG 1. desember 1959). Hva tenker så Slaattelid om boken?
MS Eg tenkjer vel at kunstnarframstellingar er ei eiga øving, som berre sjeldan går bra. Ein skulle kanskje tru at ein forfattar har god tilgang til å forstå kva som er på gang for nesten-kollegaer som arbeider visuelt. Det er interessant, synest eg, at avstanden likevel ofte er uoverstigeleg, at kunstnarkarakterar i romanar som regel er kleine, for ikkje å snakke om kunstnarroller i film. Store forfattarar har arbeidd med dette emnet, men Blåmann er ikkje eit av dei fantastiske unntaka. Eg trur knapt eg har lese ei så utvendig og karikert framstelling som her. Bjørneboe skrur saman noko han umogeleg sjølv kan underhaldast av, og det er dette eg ikkje forstår, korleis kan nokon orke å skrive så distrahert? Bjørneboe var utdanna frå Konsthögskolan i Stockholm og fortruleg med kunstlivet. Likevel held han seg til eit forterpa skjema: førestellinga om kunstnaren som umyndig og sosialt ubrukeleg og som hjelpelaust offer for vondskapen i verda. Til og med tantene Sem veks opp med, med støv på hjernen, er vondskapsfulle, rikingen er kynisk og så vidare. Men så skjer det rare, nokså tidleg i boka, at han let sjølve handverkssida ved måleriet fylle tre–fire nydelege sider. Forfattaren gløymer at han er Bjørneboe, han har eit objekt for auga og den vesle sekvensen veg tyngre som kunsterfaring enn alt det filosofiske kunstsnakket.
Blåmann er ei flis av ei bok, men dryg å komme gjennom. Handlinga toppar seg i den endelause fyllekula som så vidt landar før boka er slutt. Forma er utan skarpe kantar; ein sakte, slak boge mot undergangen, der det kanskje likevel ordnar seg på siste side.
KSM Fem år senere skulle Bjørneboe med Drømmen og hjulet skrive en roman om en kvinnelig kunstner, men i Blåmann er kanskje ikke kvinnene først og fremst kunstnere?
MS Nei, boka handlar i hovudsak om eit par–tre mannlege kunstnarar og kva plass kvinner har i liva deira. Men når kvinnene sjølve er kunstnarar, og det er to slike i boka, så er det med ein livsdugleik mannen manglar. Dei er realistar og ser stort på ting. Her ser eg ein slags respekt frå Bjørneboe si side. Om ho ikkje realiserer seg som kunstnar, set kvinna livet fyrst, kjærleiken er det store og den dei elskar eller har elska er sjølvsagt ein kunstnar. Dei to kvinnelege kunstnarane er stoiske og sterke der hovudpersonen berre er patetisk. Å få eit barn turkar ikkje ut liva deira, tvert imot, i det nye livet ligg eit håp. Kunstnarmannen, derimot, ser familien som eit trugsmål og ei felle. Kjønnsstereotypiane er himmelropande. Ein trur nesten ikkje det ein les, og noko må sikkert tilskrivast 50-talet, med ei anna arbeidsdeling enn i dag.
Sem realiserer seg verken som kunstnar eller som ansvarleg menneske. Av svirebroren Severin lærer han at det borgarlege tilværet står Kunsten etter livet. Kvinna er eit fang å kvile det plaga hovudet i, ho er det motsette av åndsliv og kunstnaren må passe på å forlate henne i tide. På si side lengtar kvinna etter det trygge og trivielle, og ser som si oppgåve å hindre den ho elskar i «å være på vingene». Blåmann er ei oppvising av slike idealtypar, som berre ein gong i blant får litt slark til å seie uventa ting.
KSM Romanen starter nærmest som en familieroman?
MS Ja, Sem får ei slektshistorie teikna opp, som ikkje eigentleg kastar lys over karakteren. Særskilt utruverdige er mora og tantene, tre kvinner Sem er så uheldig å vekse opp med. Før historia vel kjem i gang, er skuld og forteneste fordelt. Han isolerer seg gradvis frå den sjukdomsframkallande familien sin, og innser at det er kunstnar han skal vere.
KSM Du nevner en passasje om håndverket, den er lagt i munnen på Laurin, som Sem går i lære hos. Hva er det som gjør at denne skiller seg ut?
MS Mentoren Laurin kallar det instrumentet hans, det Sem treng å kunne for å bli målar. Han tek imot Sem i atelieret sitt med ei inspirert og bydande innføring, side opp og side ned, ikkje om kunst, men om verktøy og fargar. Dette hadde Bjørneboe med seg frå si eiga kunstutdanning. Han skriv ei fortruleg, faktaglad og detaljglad skildring av noko han sjølv kan. Teksten flyt lett, for sanninga i det tekniske og stofflege gjev seg sjølv. Han legg ikkje merke til korleis desse fire sidene set «diktninga», ein feberaktig kunstnermytologi, i relieff. Han underminerer fiksjonen med noko han hugsar og ser føre seg. Forfattaren kjem til syne, frigjerande nok, gjennom ein handverksleksjon. Endeleg grip teksten tak i noko som finst og fiksjonen fordampar, så lenge det varer. Gleda over innsidekunnskapen skin i teksten – til han fell attende i den sløve konstruksjonen der boka skriv seg sjølv frå klisjé til klisjé.
Eit liknande tilfelle av at forfattaren kjem til overflata, er kan hende den detaljerte skildringa av måtar å ta sitt eige liv på. Interessa for det morbide veks litt uventa fram i Sem, og han studerer på om han skal skyte seg her eller der, kutte pulsåra på langs eller tvers eller kanskje ta pillar. Dødsromantikken som faldar seg ut i hovedpersonen, kjem som eit eige innstikk i forteljinga. Forfattaren vil støyte og sjokkere og ensar ikkje at det ikkje lenger er Sem som snakkar. Tanken på Bjørneboe sjølv vert forsterka av at ein kjenner den tragiske livsavsluttinga hans og at intensiteten i teksten aukar, som i den målartekniske passasjen. Sjølvmordstankane hjå kunstnarhovudpersonen går over i ei skildring av depresjon og sorg, «høydepunkter av sorg», som det står. Sem overlever, for dette er tidleg i boka. Som i barndomen, overlever han ved å teikne.
KSM La oss snakke litt mer om Sem. Hvordan beskrives han?
MS Som eit raudhåra utskot. Han er kasta inn i eit samfunn som ikkje forstår og ikkje verdset han.
KSM Rødfargen skal leseren legge merke til. Bare i åpningen blir det gjentatt flere ganger.
MS Kanskje er det ei helsing til van Gogh. Hårfargen er knytt til kunstnargenet i generasjonar, og den siste i rekkja er Sem sin eigen son, den vesle guten som på slutten av romanen overmålar faren sine arva kunstplansjebøker med svart. Scenen kan minne om den nye kunstnartypen, ein Picasso, som ikkje er formalist slik Cézanne var det, men ein titan, frisett frå alt, med ubendig vilje og galskap. Er den målande ungen faren sin overmann? Eller er han berre programmatisk neste offer?
KSM Så Picasso representerer et avgjørende skille i kunsthistorien også på den måten?
MS Han lagar sine eigne lover og tek ikkje omsyn til andre enn til seg sjølv. Som kunstnartype skil han seg frå den akademiske tradisjonen, som til dømes Matisse sto for. Han har eit sjølvuttrykk, eller ein vilje til sjølvuttrykk, som er nokså eineståande. Dette veit eg jo ikkje, men den vesle monsterguten som sit og svertar ned faren sin gullstandard, kunsthistorieplansjane som i si tid lærte han å teikne, kan godt vere ein allusjon til Picasso.
KSM Forholdet mellom skjebne og frihet er viktig i romanen, hvor fri man er til å bli den man vil, eller den man var ment å være. Hvordan tenker du at dette utspiller seg?
MS Den som har fått kunsten i gåve har fått ei bør å bere. Det er dette Sem og dei andre genia i romanen må hanskast med. Den vesle fridomen er «å vere på vingene», på fylla med eit par kollegaer. Å leve utan ansvar, på utsida av maursamfunnet, er ei utmerking. Ein større fridom finst kanskje ikkje i denne historia.
KSM Det er interessant med tanke på at Bjørneboe er en forfatter som i så stor grad blir forbundet med frihet.
MS Han frigjer seg, som han skal, frå mor og tanter. Den vaksne fridomen er utanforskapen og samhaldet mellom likemenn. Med nok alkohol og godt selskap kan han halde stambordsvisdomen og illusjonane sine ved like: At du som kunstnar har ei gudegjeven gåve du ikkje kan kaste vrak på, at det harde åleinelivet gjer deg uovervinneleg, at det store du er esla til berre førebels er nekta deg av lagnaden. Og at familieliv og ansvar er ei fallgrop. Og det vert verre: Å gå til grunne for denne usle fridomen er ei plikt. Kunstnarmytologien i Blåmann er ein konstruksjon tilpassa ei kort bok der forfattaren ikkje gjer ting komplisert for seg. Men Cézanne, Manet, Monet, Matisse, Rembrandt, Velázquez, for å nemne nokon, var alle familiefedrar. Sjølv for kunstnarar har familielivet vore det normale.
Styrt av uborgerlige planeter
De horoskopinteresserte av oss har kanskje for lengst merket seg at Bjørneboe – født i vektens tegn – var opptatt av hva stjernehimmelen kan fortelle oss om menneskelivet. Han fikk eget horoskop stilt, og stilte selv andres; i den lille teksten «Om å stille horoskop» tar han til orde for å anse astrologien som en vitenskap. Gitt at «skjebne» må være et av de hyppigst gjentatte ordene i Blåmann, er det ikke så overraskende at leseren mot slutten av romanen får innblikk i Sems horoskop, som kan ha gjenklang i forfatterens eget. Her spiller de «fryktelig uborgerlige planetene» Neptun, Uranus og Pluto en avgjørende rolle, det er planeter som «bringer med seg uro og kaos, men som også gir store evner og begavelser». Og videre: «Han får ingen hjelp til å leve i verden, og derfor må han være nokså fremmed på jorden.» Om kameraten Severin har leseren tidligere i boken fått høre at han var «gjest på jorden», dette noen år før Gunvor Hofmo skulle bruke den samme formuleringen som tittel på en av sine diktsamlinger. I Blåmann er altså kunstneren en utpreget outsider, noe som i Sems tilfelle kommer til uttrykk allerede i oppveksten. Helst ville han bare sitte alene på rommet og etterligne plansjeverkene i billedboken Europas museer.
MS Han er eit utskot frå fyrste side, mislikt av sine næraste og mobba på skulen, til han gradvis, som vaksen, får respekt og vert laten i fred. Han er tyngd av lagnaden det er å ha fått kunstnargenet, som forfattaren kallar det, «begavelsen», som har valt hanmeir enn Sem sjølv har valt kunstnarlivet. Han er ikkje paranoid eller bitter og skuldar ikkje på andre når fylla opnar seg som ein utveg. Forfattaren let det likevel skine gjennom at det er samfunnet, eit umenneskeleg maktapparat, som er skuld i at han nesten går dukken. Men så har han Elice, som ventar på han.
KSM Historisk er ikke Bjørneboe alene om å se kunstneren som en outsider. Hva slags gjenklang har dette synet i vår tid?
MS I dag er kunstnaren ikkje lenger eit utskot, til det er det for mange av oss. Trugsmålet i vår del av verda er anonymitet, meir enn botnlaus fattigdom. Sjansen er stor for å bli usynleg i eit hav av kollegaer. Og marknaden er ikkje vond, han er berre anten interessert eller likesæl. Maktapparatet kan vere kunstinstitusjonen med sine innvigde og utvalde. Ideologisk einsretting og nettverkskorrupsjon kan ramme den einskilde og heile fagmiljø.
I Blåmann er det mora og tantene, kvinneregimet, skulen og den smålege og vondskapsfulle millionæren som trugar kunstnaren. Millionæren har ung, sunn, attraktiv kone medan Sem si kone er bleik og forkomen ekskunstnar. Rikingen er patetisk sjalu på interessa Sem vekkjer hjå kona hans, men vert aldri del av nokon samfunnsanalyse. Audmjukinga Sem opplever er samla i dette symbolet for eit sjellaust samfunn: ein ynkeleg millionær utan draget på kona si.
KSM Da jeg leste boken, tenkte jeg at kunstnerne her virker fremmed for samfunnet – de holder på med kunsten sin, men hvilken rolle den spiller i verden, synes de ikke å tenke på?
MS Ja, men kunstnarar skal halde på med kunsten sin. Kva rolle arbeidet deira skal spele i verda kan kunstnarar uansett ikkje avgjere. Ingen kan kalkulere seg fram til verknaden av kunst på sikt. Ytre sett kan kunst kommentere samtida, til dømes på motiv- eller handlingsplanet, men dette er den absolutte overflata. Effekten på samfunnet er ein sakteverkande ting, og uføreseieleg. I Blåmann har kunstnarane den innstillinga til arbeid at dei skal setje seg i stand til å skape meisterverk. I det ligg at dei trur kunst kan forvandle, utan at dei seier korleis. Dei snakkar om kvinner og liv og død. Om dei trur at kunst kan endre verda, snakkar dei ikkje om det. Det er vel også ein pessimisme som kjem til uttrykk her. Forfattaren har bestemt at dei er utskot, alle som ein, og ikkje deltakarar i fellesskapen.
Kunstnarar var færre den gongen og dei fleste var menn. Truleg var dei sett på som umaskuline, menn som ikkje var mannfolk. Å sitje med eit staffeli i skogen var tvilsamt arbeid. Og det var berre i store kulturnasjonar at kunstnarar var velståande og hadde allmenn status.
KSM Du er inne på at trusselen for kunstnere i dag er anonymitet. På hvilken måte viser det seg at dere er blitt flere?
MS Norske Billedkunstnere (NBK) har 3000 medlemer. Mange opererer på ein enorm, internasjonal marknad. Å vere kunstnar er ei normalisert livsform med glidande overgangar til alle slags kunstnaraktige måtar å leve på. Profesjonelle kunstnarar er søknadsekspertar, artikulerte og ryddige, opptekne av verda omkring seg, av rett og urett. Og dei er på statsbudsjettet. Kunstnarar her til lands er medvitne om rettane dei fekk på 70-talet, etter aksjonane for betre levekår. Men i den store gruppa er det sjølvsagt mange som har låg og utrygg inntekt. Det er inga opphøgd rettferd på dette feltet. For dei aller fleste er biletkunst eit dårleg betalt yrke med ein viss status. Me har variabel økonomi og lever uføreseielege liv, men det gjeld også mange andre.
KSM Den økonomiske uforutsigbarheten gjør det for mange sårbart å være kunstner. Samtidig er det et privilegium å få bestemme så mye over egen tid?
MS Eit enormt privilegium. Den store tilstrøyminga til yrket avspeglar også dette. Inntekta kan vere uviss, men på andre måtar har me ein fridom mange berre kan drøyme om. Sjølv om kunstnarar arbeider hardt og ofte har fleire jobbar, er det stor skilnad på ho som kan stå opp klokka seks kvar dag for å gå på atelieret og ho som må stå opp klokka seks kvar dag for å rekkje vakta på sjukehuset. Ein slik fleksibilitet gjennom eit langt arbeidsliv er ikkje nokon liten ting. I tillegg er det velvilje og interesse knytt til det me driv med, ikkje frå alle miljø, men i krinsar som både er synlege og mektige.
KSM I litteraturverdenen sies det at poetokratiets tid er over, at forfattere ikke lenger har den innflytelsen på samfunnet de en gang hadde, særlig med forfattertyper som Bjørnstjerne Bjørnson. Det er sant i den forstand at det er langt mellom dikterpolitikerne i dag, men kanskje tilskriver man også i vår tid forfattere som uttaler seg om samfunnsspørsmål en egen autoritet, fordi forfatteryrket fortsatt har en nimbus?
MS Eg veit ikkje, men mange forfattarar er meiningsprodusentar og respekterte kronikørar, i tillegg til at bøkene deira vert lesne. Å presentere seg som biletkunstnar kan slå båe vegar. Alle skjønar at det krev noko særskilt å vere forfattar. Å vere biletkunstnar har kanskje også ein nimbus, men statusen er likevel alltid vaklande. Dei færraste har same tiltru til eit høgt verdsett måleri som til ein roman som sel godt. Det slo meg i møte med Blåmann, at forfattaren ikkje diskuterer kva kunst er. Han føreset at tydinga av ordet er openberr. Og han har ikkje noko problem med ordet «kunsten», i bunden form. Eg har alltid skydd det ordet.
KSM Fordi?
MS Fordi det er så lite opplagt kva det er; kunst er ikkje ein ting. «Kunsten» lét klårt, men er berre tilslørande og teatralt.
Eg høyrde eit par forfattarar bli intervjua om si eiga rolle i samfunnet. Dei meinte at i krisetider, som under koronaepidemien, var det ei oppgåve for forfattarar å setje ord på dette som alle opplevde. Så poetokratiet lever. Forfattarar kan godt ha høge tankar om seg sjølve, men alle menneske opplever dette på kroppen, og språket er hjå alle. Folk på gata snakkar fantastisk om desse erfaringane.
En tvetydig trussel
Det var en skuffet Magli Elster som anmeldte Blåmann i Arbeiderbladet (14. desember 1959). Hun hadde på dette tidspunktet utgitt fire av sine fem diktsamlinger, var utdannet psykoanalytiker og en av få kvinner som skrev om Bjørneboes kunstnerroman. «[De] som opptrer i boken, for ikke å tale om forfatteren selv», hevdet hun, «er så fulle av aggresjon eller la oss like godt kalle det fornærmelse overfor kvinnekjønnet at det forstyrrer enhver balanse i romanen.» Hun har tydelig respekt for Bjørneboe, det gjør skuffelsen desto større: «[K]vinneforakten, som har en aura av gamle pene stuer, god sigar og fars uimotsigelige mening ved kaffen, tilsatt en del kjekt gymnasiastsnakk, er bare én side av den forakt for mennesker, enten de nå kalles borgere eller tanter, som forfatterens hovedpersoner gir uttrykk for.»
Sems far tok livet av seg da han var liten, han vokser opp med mor og to tanter, «syke og lidende kvinner», får vi høre, og det gjelder særlig de gjennomnevrotiske tantene som blant annet lider av en langt fremskreden vaskemani.
MS Ja, kva skal denne flate psykologien utrette? Det er klart at hovudpersonen mangla ein far i oppveksten, men det er ikkje grenser for brutalitet og idioti hjå dei kvinnemenneska som skal illustrere dette poenget. Parodiane i boka manglar vidd og for alt eg veit er dei kanskje heller ikkje parodiar.
KSM Han begynner å tegne, det vil si tegne etter bildene i en gammel kunstplansjebok. Veien inn i kunsten starter med etterligninger?
MS Sem har et tradisjonelt, klassisistisk kunstsyn. Handverket og den overleverte kompetansen er det som har forma han som teiknar. I den klassisistiske kunstoppfatninga rangerer farge under form, og i Blåmann er hovudpersonen Sem teiknesterk, medan Elice, som blir mor til Sems barn, er teiknesvak. På den andre sida har ho sans for farge. Men «farge kan alle», sier Sem. Då Elice ba Sem sjå på teikninga si «gikk det et gys igjennom ham: tegningen var bløt og slapp som en pølse […] det var en typisk pike-tegning». Scenen frå krokisalen i Blåmann er ikkje heilt utenkjeleg. Frå mi eiga tid som kunststudent kan eg hugse ein tendens, heilt uartikulert, til å forvente meir, bedre teikning og meir påstandskraft i teikninga, hjå gutar enn hjå jenter. Det usagte i dette var at ein ung mann går til dette yrket med større alvor og større fallhøgd enn ei ung kvinne.
KSM Sem forblir en såkalt skolebegavelse. Hvorfor samler han aldri bilder til en utstilling?
MS Han ventar på å bli god nok og har ikkje viljen og drivet som skal til for å lyfte seg. Han vert tillagt eit talent, men forventningane frå fagmiljøet sloknar litt etter kvart. Kollegaen Severin forklårar vanlagnaden hans med at han gifta seg, det skulle han aldri gjort, det var ei ulukke for dei båe, ikkje minst for Elice som kunne funne seg «en lege eller et annet menneske som det går an å være gift med».
KSM Du nevnte så vidt at kvinnen er en annen type felle enn familielivet. På hvilken måte?
MS Kvinna er eit meir tvetydig trugsmål, fordi ho både er muse og mor. Ho vert tilbeden, men er så krevjande at ho alltid må forlatast. «Ingen sunn kvinne kan se på en manns undergang med likegyldige øyne», seier Sems rådgjevar i kvinnespørsmål. Ein annan stad, når ho forbarmar seg over ein forvilla mann, er kvinna ein Kristusfigur: «det ene får som har gått seg vill, elsker hun høyere enn den hvite flokk som ikke har frelsebehov.» Medan «det er kvinnens natur å ville livets fortsettelse», er det mannens sanne natur å ville undergang og død, å gå lina ut, å ofre alle rundt seg, i dette tilfellet for Kunsten. Kunsten trumfar alt i denne framstellinga, heilt til synet av den vesle sovande guten til slutt forsonar sviket, og Elice, som har venta gjennom fyllekulene, smiler mot mannen sin og minner han om at han er den fyrste raudhåringen i slekta som har fått ein son. Boka sluttar med at han teiknar eit portrett av kona og guten, mor og barn, og når han set blokka frå seg opp mot veggen, anar ein at denne siste er den beste teikninga hans.
Blåmann, Blåmann
Til tross for sitt «abnormt» røde hår får Sem tidlig kallenavnet Blåmann. I likhet med Jonas – hovedpersonen i romanen som ble utgangspunktet for 1950-tallets store skoledebatt – blir Sem plaget av jevnaldrende gutter. En dag heller de et spann med blåmaling over ham. Senere samme kveld står han i badekaret «som en flådd liten hare i et slaktervindu, der han sto og presset de tynne lemmene sammen, mens han bøyde ryggen så man kunne telle hvirvlene ned til hans bitte lille ende».
Om Bjørneboe også hadde i tankene at «Blåmann» er tittelen på en kjent barnesang, vet vi ikke, men i samtalen vår var det til slutt i retning av Aasmund Olavsson Vinjes dikt, tonesatt av Anne Haavie, assosiasjonene gikk. For slik sangen slutter, slutter egentlig også denne boken: «Ikkje enno, Blåmann min, må du døy frå guten din.»