Mari

Slaattelid

Blason

Mari Slaattelid
jan. 2022|Text

Ordet blason har klang av minst eitt språk, mest fransk, og kan stavast med s eller z, eg føretrekkjer s. Blason er brukt om skjoldmerker, men er òg eit ord for det særeigne språket som skildrar innhaldet i eit skjold. Det norske ordet for ei slik skildring er blasonering, oftast ei setning, berre, der det visuelle er gjort greie for, slik: I raudt ei gull opprett løve. Denne litt rigide omsetjinga av bilete til skrift las eg om i Jørn H. Sværens «Heraldisk nøkkel» i samlinga Britisk museum (Kolon forlag, 2020). Her oppdaga eg noko så uventa som den heraldiske sjarmen, det påståelege i dei regelstyrt skrivne bileta, og det var dette som fyrst sette meg på tanken om eit skjoldmåleri.

Eg trur eg ynskjer meg eit måleri som ter seg like matter-of-factly som desse skjolda. Eit biletspråk ein kan snakke om på blasoneringsvis, knapt, men også kryptisk. Det skal ha utsegnsgleda til eit godt skilt, men innhaldet skal vere uvisst, der det ligg i stoff og knudder, glans og skin, og ber om merksemd, kanskje utan å ha noko å seie. Uttrykksviljen alt måleri har, både den utløyste og uutløyste viljen, er til å kjenne seg att i. Tildrivet, både tanken og arbeidet, skal vere å finne i det som står att til slutt, i biletet på veggen. Ynsket om innhald treng ikkje oppfyllast, måleri er likevel vendt mot verda. Eit materiale vert lagt fram, og det stikk ikkje noko under. Når eit innhald likevel alltid kjem på tale, kan ein sjå det som skodde av ulike slag som driv forbi. Der innhaldet er, er kanskje ikkje biletet. Der biletet er, er ikkje lenger innhaldet.